Hopp til innhald

Fredrik Reinfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Reinfeldt

Fødd4. august 1965 (59 år)
Österhaninge församling
Statsborgar avSverige
PartiModerata samlingspartiet
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedStockholms universitet
Stockholm Business School
MorBirgitta Reinfeldt
FarBruno Reinfeldt
EktefelleFilippa Reinfeldt
SambuarRoberta Alenius
BarnGustav Reinfeldt, Erik Reinfeldt, Ebba Reinfeldt
VervStatsminister i Sverige 20062014
FøregangarGöran Persson
EtterfylgjarStefan Löfven
Alle verv
  • Statsminister i Sverige (2006–2014)
  • opposisjonsleder (2003–2006)
  • president for Det europeiske råd (2009–2009)
  • styreleiar (Moderata ungdomsförbundet, 1992–1995)
  • styreleiar (Democrat Youth Community of Europe, 1995–1997)
  • styreleiar (Det europeiske folkepartis ungdom, 1997–1999)
  • partileiar (Moderata samlingspartiet, 2003–2015)
  • medlem av Riksdagen (1991–1994)
  • medlem av Riksdagen (1994–1996)
  • medlem av Riksdagen (1996–1998)
  • medlem av Riksdagen (1998–2002)
  • medlem av Riksdagen (2002–2006)
  • medlem av Riksdagen (2006–2006)
  • medlem av Riksdagen (2010–2010)
  • medlem av Riksdagen (2014–2014)
  • Chair of the Committee on Justice (2001–2002)
  • medlem i finanskomiteen (1994–1998)
  • medlem i finanskomiteen (1998–2001)
  • medlem av justiskomiteen (2001–2002) Sjå dette på Wikidata

John Fredrik Reinfeldt (fødd 4. august 1965 i Haninge i Sverige) er ein svensk politikar og leiar for det liberal-konservative Moderata samlingspartiet sidan 2003. Etter at høgresida og Allians för Sverige fekk fleirtal i riksdagsvalet 2006, var han statsminister i Sverige frå 6. oktober 2006 til 3. oktober 2014, då Stefan Löfven tok over.

Reinfeldt vart med i Moderata ungdomsförbundet i 1983, og vart leiar i 1992. Han hadde dette vervet fram til 1995. Han har vore riksdagsmedlem sidan 1991, som representant for valkrinsen på heimstaden. Etter nederlaget i 1994 for den moderaterna-leidde koalisjonsregjeringa, utvikla Reinfeldt ei kritisk haldning til partileiarskapen under Carl Bildt, noko som førte til at han vart utstøytt i partiet. Men etter eit leiarskifte i 1999 og eit dårleg resultat i riksdagsvalet 2002, fekk Reinfeldt gradvis meir innflytnad i Moderata samlingspartiet.

Statsminister

[endre | endre wikiteksten]

Reinfeldt vart vald til partileiar 25. oktober 2003, og etterfølgde Bo Lundgren. Under hans leiarskap har politikken i moderaterna gått meir i retning av sentrum, og det har kalla seg sjølv «Nya moderaterna». Etter riksdagsvalet 2006, som vart halde 17. september 2006, vart Reinfeldt vald til statsminister i den nye regjeringa den 5. oktober, og presenterte regjeringsmedlemmene dagen etter. Saman med dei tre andre partia i sentrum-høgre-alliansen, leidde Reinfeldt ei koalisjonsregjering som hadde støtte av eit lite fleirtal i Riksdagen. Som 41-åring var han den tredje yngste personen som har vorte statsminister i Sverige, etter Robert Themptander og Rickard Sandler.

Han er busett i Täby nord for Stockholm og gift med Filippa Reinfeldt, som er landstingsråd (m) i Stockholms län. Paret har tre ungar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fredrik Reinfeldt